Utleigehytter

Me har to hyggelege hytter for utleige. Dei ligg i eit ope fjordlandskap med flott natur rundt. Det ligg nokre hytter i nabolaget, men desse merkar ein lite til.

Hyttene passar perfekt for par og barnefamiliar. Dei ligg fint og sørvent til med terrasse og utsikt over fjorden. Her kan du nyta ein god frukost, slappa av i sola eller berre kvila augene på sjøen. Den varierte naturen gir mange muligheter for ulike friluftsaktivitetar. Me har båtar til leige og låner ut to sit-on-top kajakkar. I nærmiljøet er det fine turmuligheter. På den næraste fjelltoppen Hest, som kun er 3 km køyring frå hyttene, får ein flott utsikt i alle retningar. Ein 30-minuttars tur for dei sprekaste! Andre populære toppar i Nedstrand er Himakånå og Lammanuten, men rundturen i Nedstrandsfjella er også flott. Distriktet her byr også på mange kjekke aktivitetar for store og små som f.eks Høyt og lavt Nedstrand klatrepark, Tysværtunet badeanlegg i Aksdal og Vikinggården på Karmøy. Næraste by er Haugesund, 50 km. Det er også mogeleg å ta dagstur til Stavanger; enten med bil eller kjekkast: hurtigbåt frå kaien i Nedstrand til Stavanger sentrum (ca 60 min).

  • 6 Sengeplaser
  • 3 Soverom
  • Kjøkken
  • Bad
  • Vaskemaskin
  • TV
  • Wi-Fi
  • 5 Sengeplaser
  • 3 Soverom
  • Kjøkken
  • Bad
  • Vaskemaskin
  • TV
  • Wi-Fi

Kontakt

For meir informasjon bruk kontaktskjema under, eller ta kontakt på telefon 410 30 952 eller e-post kbakkevig@hotmail.com. Om sommaren ønsker me primært leige av heile veker, men ta gjerne kontakt om det er andre ønske.

Fyll ut dette feltet
Skriv inn en gyldig e-postadresse.
Fyll ut dette feltet
Fyll ut dette feltet

Her finner du oss