Garden

Bakkevig Gard ligg idyllisk til på austsida av Hervikfjorden i Tysvær kommune i Nord-Rogaland. Her har ein gjennom alle generasjonane vore opptekne av å nytta ressursane på garden i ein kombinasjon med ulike typar fiske, som lakse- og hummerfiske. Bakkavik, som garden blir kalla på folkemunne, er ein gammal gard som har vore i familien sidan midt på 1700-talet. Eigar i dag, Kamilla Bakkevig, er niande generasjon på garden. Det er mykje historie i landskap og hus på Bakkevig Gard. Fram til omlag år 1600, låg garden under Utstein Kloster på Mosterøy, men alle fornminna her viser at det må ha vore bønder her før Svartedauden.

Gardstunet er omkransa av fleire gamle hus. Bustadhuset er om lag 150 år gammalt. På vedaskuten er det tak av villheller, teke frå eit brudd i utmarka. Dette blei resturert i 2017. Eldhuset er i stein, bygd av såkalla «austmenn» som kom frå aust over til fjordbygdene for å ta seg arbeid.

Bøndene her har i generasjonar hatt interesse av å ta vare på gammalt, og i 2022 blei det litle gardsmuseet ferdig. Her er stilt ut mykje forskjelleg frå ulikt virke på garden, og det er mogleg å få kikka inn om ein ønsker det.

Fram til 2014 var det mjølkeproduksjon på garden, i dag er hovudproduksjonen sau. I 2002 kom den første litle flokken med Gammalnorsk sau, populært kalla villsau, til gards. Villsauen er liten, nøysom og spretten, men tillitsfull og lett å samla. Flokken tel i dag rundt 120 vinterfôra sau. Dei går ute heile året og beitar ved sjøen, på innmark og utmark. Variert fôr i form av urter, gras, lyng, einer, tare og lauv gir eit mildt, nydeleg kjøt med eit snev av viltsmak. Villsauene er fantastiske i å halda vegetasjonen nede og lamma får kun mjølk og det dei finn sjølv i beitesesongen. Dei vaksne får tilleggsfôr i vinterhalvåret og litt kraftfôr i lemminga.

Me har hatt eit ønske om å nytta det smakfulle kjøtet til meir enn berre å levera dyra til slakt. Dette begynte i det små frå om lag 2015. No tar me heim ferskt lammekjøt om hausten, som kan kjøpast direkte frå garden eller på den lokale REKO-ringen. Pinnekjøtt og fenalår av lam og fjorlam er klart for sal i november. Desse produkta er etterspurte, mest til privat sal, men også som firmagåver. Dyra blir slakta på Nortura Sandeid og vidareforedla på gamlemåten på Vikedal gardsmat. Her blir kjøtet tørrsalta og tørka fire til seks veker for å få fram den gode smaken. Noko blir også røykt i eldhus med einer- og bøkeflis.

Me plukkar sjølv ut dei finaste lamma til det kjøtet me skal selja, og syns at denne måten å driva på gir god kontroll frå jord til bord.

Villsauene har også nydelege skinn. Me prøver å ta dei finaste skinna i retur og får dei all slag fargar som naturen lagar dei – lyse, mørke, brune, gylne, grå og variantar innan kvar farge.

Foto: Helge Eek